Jæren Friluftsråd i samarbeid med Delfinen svømmeskole arrangerer
Trygg i havet kurs på Friluftshuset på Orre
søndag 18. juni kl 10.30-14.00
måndag 19. juni kl 17.30-20.30
(Dette er 2 seperate kursdagar, der du velger eit av kursa)
Kurset er for barn i alderen 10-12 år med forelder/føresett.
Me startar med foredrag inne på Friluftshuset. Ingjerd Haarstad frå Delfinen svømmeskole fortel om det fantastiske havet, om straumar, bølger og korleis ein reddar seg sjølv og andre dersom uhellet er ute.
Etter føredraget får 2 grupper etter tur opplæring på stranda og i bølgene i havet. Barna får låna våtdrakter, sokkar og hanskar og får kyndig hjelp av Ingjerd og hennar medarbeidarar i Delfinen svømmeskole. Dersom barnet ditt ikkje er trygg i vatn er det fint at du er med uti.
Arrangementet er gratis. Påmelding påkrevd.
Meld på deg og ditt barn på eit av kursa! Dette blir kjekt og lærerikt!
Kafèen på Friluftshuset er open desse dagane. Vi sel lappar, pizzasnurrar, is, kald og varm drikke. Medbrakt nistepakke er lov.
Velkommen!